Sentrale omgrep

Ein oversikt over viktige omgrep som ofte blir nytta i samhandlingsmodellen og i handlingsrettleiarane:

«Barn og unge» blir brukt om alle under 18 år. Dette gjeld også unge inntil 23 år som mottar ettervern frå barnevernet og elevar i vidaregåande opplæring ut det skuleåret dei fyller 24 år.

«Bekymring» blir brukt om ei skjønnsmessig vurdering basert på kjente faktorar knytt til beskyttelse og risiko, og teikn som gir grunnlag for bekymring. Omgrepet blir definert annleis under Barnevernloven, kor det blir vist til kriterier for meldeplikta til barnevernet ved bekymring.

«Føresette» blir brukt om mor, far eller andre som har dagleg omsorg/foreldreansvar for barnet eller ungdommen.

«Risikofaktorar» er forhold som aukar risikoen for at utviklinga til barn og unge blir hindra eller hemma, og kan vere knytt til barnet sjølv, til føresette og/eller miljøet elles. Tilsvarande blir omgrepet «beskyttelsesfaktorar» brukt om forhold som dempar risikoen for å utvikle problem når risikofaktorar er til stades, som til dømes positive familiære forhold.

«Stafetthaldar» er den som har ansvaret for framdrifta i saka, og som koordinerer arbeidet.

«Stafettlogg» Stafettlogg er ein elektronisk logg over kven som gjer kva i det tverrfaglege samarbeidet rundt barn og unge.  Ål kommune har løysinga med digital stafettlogg, men den tekniske integrasjonen er ikkje på plass ennå.

«Utsette barn og unge» er barn og unge med risiko for å utvikle problem som kan leie til mangelfull grunnopplæring, med påfølgjande utfordringar knytt til utdanning, arbeid og helse, og som står i fare for framtidig marginalisering.