BTI (betre tverrfagleg innsats) er ein handlingsrettleiar tilpassa møte med barn og unge som vekkjer ei undring/uro hos vaksne. Ved å arbeide etter modellen ønsker me å sikre lik praksis og godt samarbeid mellom tenestene, for at familiane som treng hjelp skal få eit heilskapleg tilbod i kommunen.
NIVÅ 3: Beskriv eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester
Nivå 2: Beskriv eit enkelt tverrfagleg samarbeid mellom to tenester
Nivå 1: Beskriv innsats innanfor kvar einskild teneste
Nivå 0: Finn ut om det er grunn til undring/uro
MÅLSETTING: Kvalitetssikre heilhetleg og koordinert innsats utan at det blir brudd i oppfølginga.
MÅLGRUPPA: Gravide, barn, unge og foreldre det er knytta undring eller uro til.
MODELL PÅ FIRE NIVÅ: BTI er ei handlingsløype, som er illustrert gjennom fire nivå fra 0 til 3.
Når tilsette får ei undring/bekymring knytt til barn/unge skal ein som hovudregel følgje handlingsrettleiaren for BTI. Det blir understreka at me ønsker at tilsette ser og handlar så tidleg som mogleg, alltid med tanke på barnet sitt beste. Det er grunnleggande viktig at barn og unge sjølv, og føresette, blir involvert på eit tidleg tidspunkt. Unntaket frå dette er ved mistanke om vald og overgrep, då skal melding til barnevernet bli sendt umiddelbart.
Når ein tilsett som har kontakt med eit barn/ein familie ser det som ønskeleg/naudsynt å samarbeide med andre tenester, skal det hentast inn samtykke fra dei saka gjeld. Føremålet med BTI-modellen er å bidra til tidleg innsats og samordna tenester med medverknad frå barnet/den unge og foreldra utan at det blir brot i oppfølginga. Dette gjennomførast ved å beskrive den heilskaplege og samanhengande modellen på system-, teneste- og individnivå, tilpassa den enkelte kommune. Modellen bidreg til å få oversikt over korleis ein skal handle, og til å rette opp i svikt i samhandling, både mellom lokale tenester og i tenester på regionalt og statleg nivå.
BTI-modellen egnar seg både som eit hjelpemiddel til å ta strategiske beslutningar og for å systematisere og beskrive det praktiske arbeidet med barn, unge og føresette som ein bekymrar seg for. Kvart nivå beskriv korleis ein arbeidar med å avklare undring/bekymringar og settje igang tiltak i og mellom tenestene. Dei fire nivåa skal omfatte alle oppgåver og aktivitetar som involverar tidleg og tverrfagleg innsats og oppfølging av målgruppa. Brikka i figuren over symboliserer nivåa og antal tenester som blir involvert. Dei ulike nivåa blir bunde saman av brikka som strekker seg mellom nivåa. Denne symboliserer ansvaret for koordinering, stafetthaldaren og stafettloggen, som strekker seg mellom nivåa og skal sikre heilskapleg og koordinert innsats utan at det blir brot i oppfølginga. For meir informasjon, ta direkte kontakt med helsestasjonen, barnehagen eller skulen.