Hjelpetenester

HELSESTASJONEN

Helsestasjon og skulehelsetenesta er eit tilbod til alle barn, unge og foreldre i kommunen. Helsesjukepleiar, psykisk helse, lege og fysioterapeut utgjer basisteamet i helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Helsesjukepleiar følgjer de Nasjonalfaglige retningslinjer: Helsestasjon, skolehelsetjeneste og helsestasjon for ungdom – Helsedirektoratet

Helsestasjonen og skulehelsetenesta skal ivareta heilskapen i det førebyggande og helsefremjande arbeidet:
– Fremje barn og unges helse.
– Fremje gode sosiale og miljømessige tilhøve.
– Førebygge sjukdom og skade.
– «Foreldreveiledning» både individuelt og i gruppe.

Helsestasjon 0-5 år:
Helsesjukepleiar følgjer opp alle barn og foreldre, og har faste konsultasjonar på helsestasjonen. Alle foreldre kan i tillegg ta kontakt med helsestasjonene ved behov.

Skulehelsetenesta:
Skulehelsetenesta har faste møtepunkt med elevane gjennom grunnskulen frå 1. til og med 10. trinn. Skulehelsetenesta er óg open for «drop-in» for elevane og er faste dagar på dei ulike skulane. Plan for skulehelsetenesta ligg her: SKULEHELSETENESTA OVERSIKT 1.-7. TRINN

Helsestasjonen har desse tenestene:
– Svangerskapsomsorg
– Helsestasjon til spe- og småbarn 0-5 år
– Skulehelsetenesta
– Helsestasjon for ungdom
– Reisevaksinering/ influensavaksinering/koronavaksinering
– Smittevern

Kven kan kontakte helsesjukepleiar:
– Elev
– Føresette
– Barnehage og skule og dei andre hjelpetenestane.

Kontaktinformasjon:
Telefon: 320 85 290
Besøksadresse: Familiens Hus, Sundrevegen 95-97.
Postadresse: Torget 1, 3570 Ål
Internett: www.aal.kommune.no

UNGDOMSKONSULENT

Ungdomskonsulenten er organisert under oppvekst, og er tilgjengeleg der ungdom er. Målet er heilskapleg og målretta satsing for å nå ungdom 13-18 (23) år i risiko.

Ungdomskonsulenten er representert i tverrfagleg møte på ungdomsskulen og samarbeider med foreldre og andre hjelpeinstansar.

Ungdomskonsulenten kan tilby støttesamtaler, ulike gruppetilbod, jobbe med relasjonsbygging, motivasjonsarbeid og styrke foreldresamarbeid.

Målsetting er mellom anna:
·       Førebygge rusproblematikk og potensielle utfordringar i den psykiske helsa.
·       Fange opp elevar som har manglande omsorg, støtte og oppfølging frå føresette.
·       Førebygge og fange opp elevar som manglar nettverk, opplever mobbing og sosial isolasjon.

Kven kan ta kontakt med ungdomskonsulenten:
·       Elevar
·       Føresette
·       Tilsette i skulen
·       Samarbeidsinstansar

Ungdomskonsulenten er å treffe på Ål ungdomsskule måndag, tysdag og torsdag kl. 09.00-15.00, og elles på Tingstugu etter avtale.

Kontaktinformasjon:
Ann Beate Øyre Bjørnsen, tlf. 46812535, elles å treffe på mail og snap.
E-post: ann.beate.oyre@aal.kommune.no
Besøksadresse: Ål ungdomsskule, Sundrevegen 42, 3570 Ål  eller Tingstugu, Torget 1, 3570 Ål

PSYKISK HELSE

Psykisk helse er eit lågterskel tilbod som alle kan kontakte ved behov. Avdelinga er ein del av skulehelstetenesta i Ål, og er representert i tverrfaglege møter.

Kven kan kontakte psykisk helse:
Barn og unge, føresette, tilsette i skule og barnehage kan ta direkte kontakt med avdelinga når det er bekymringar knytt til einskilde elevar, klassemiljø, mobbing, samhandling med føresette m.m.

Kontaktinformasjon:
Telefon: 916 66 850 (kvardager 08.00-15.30)
Situasjonar som ikkje kan vente: legevakt 116 117
Besøksadresse: Helsetunvegen 5
Postadresse: Torget 1, 3570 Ål
Internett: www.aal.kommune.no

PPT FOR ÅL OG HOL

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er ei interkommunal teneste for kommunane Ål og Hol.

PPT skal mellom anna gi barnehagar og skular råd og rettleiing om å leggje til rette for barn/elevar som treng det. Vi skal hjelpe skulane i å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særskilde behov.

Korleis kan du som føresett kontakte PPT:
Før du tek kontakt med PPT, bør du prate med skulen/barnehagen/helsestasjonen om uroa du har for barnet ditt. PPT har primærkontaktar som har faste møter med skular og barnehagar. Primærkontakten kan saman med skulen/barnehagen gje deg råd i høve til ditt barn.

Dersom det er behov for meir bistand frå PPT, kan barnet/eleven bli tilvist til PPT. Tilvising på eige  tilvisingsskjema, som alle skuler og barnehagar har. Kontakt barnehagen eller  skulen for hjelp med utfylling av skjemaet. Barnehagen/skulen utformer ein pedagogisk rapport som blir sendt saman med tilvisinga. Tilvisinga skal gjerast i samarbeid med barnhagen/skulen og føresette, og skal underteiknast av føresette og rektor.

Kven kan kontakte PPT:

  • Føresette kan tilvise eigne barn på eige initiativ.
  • Elevar over 15 år kan ta kontakt med PPT på eige initiativ.
  • Barnehage og skule.

Kontaktinformasjon:
Telefon: 320 85 280
Besøksadresse: Familiens Hus, Sundrevegen 95, 3570 Ål
Postadresse: Torget 1, 3570 Ål
Internett: www.aal.kommune.no     

HALLINGDAL BARNEVERNTENESTE

Barneverntenesta skal sikre at barn og unge som lev under tilhøve som kan skade utviklinga og helsa til barnet, får nødvendig hjelp og omsorg og vern til rett tid.

Barneverntenesta har fokus på førebyggjande tiltak for einskildbarn, deira familiar og nettverk. Barnevernet har, i samarbeid med andre instansar, ansvar for å ivareta barn og unge som for kortare eller lengre tid treng å bu hos andre enn sine biologiske foreldre.

I alle saker jobbar barneverntenesta etter fire overordna prinsipp:
–          Omsynet til barns beste
–          Det biologiske prinsipp
–          Rett hjelp til rett tid
–          Minste inngreps prinsipp

Tenesta er organisert i fire team, for å kunne handsame sakene best mogleg:
1.      Mottak- og undersøkingsteam
–          Informasjon, førebygging og mottak av nye meldingar.

2.      Tiltaksteam
–          Frivillige hjelpetiltak.

3.      Omsorgsteam
–          Oppfølging av plasserte barn i fosterheimar og institusjonar.

4.      Familieteam
–          Arbeider terapeutisk med rettleiing i familiar som tek imot hjelpetiltak.

Barneverntenesta er ein del av tverrfagleg team for barnehagar og skular i Ål kommune.

Kven kan kontakte barneverntenesta:
–          Foreldre kan sjølv søkje om tiltak frå barnevernet.
–          Barn/ungdom kan sjølv ta kontakt med barnevernet.
–          Andre offentlege instansar har meldeplikt viss dei er bekymra for eit barn.
–          Privatpersonar som er bekymra for eit barn kan melde frå om dette.

For meir informasjon: Sjå presentasjonsfilmen om Hallingdal barnevernteneste på Ål kommune si heimeside.

Kontaktinformasjon:
Telefon: 320 85 310 (kl. 9.00 – 15.00). Vakttelefon: 911 14 600
Besøksadresse: Familiens Hus, Sundrevegen 95-97, 3570 Ål
Postadresse: Postboks 9, 3570 Ål
E-post: barnevern@aal.kommune.no
Internett: www.barnevernet.no / www.aal.kommune.no

KOORDINERANDE EINING (KE)

Koordinerande eining skal bidra til at personar med behov for samansette og langvarige tenester får eit heilskapleg, koordinert og planlagt tilbod. Tenesta er organisert innanfor helse og sosial sektoren og oppvekstsektoren, og samarbeider med alle hjelpetenestane.

Personar med samansette og langvarige tenester, deira pårørande, samt tenesteytarar kan ta kontakt med KE.

Kontaktinformasjon:

Telefon:

  • KE- kontoret: 320 85 264
  • Live Magnetun: 320 85 261 eller 971 98 159

Besøksadresse: avd. Ergo- og fysioterapi
Postadresse: Ål kommune v/ Koordinerande eining, Torget 1, 3570 Ål
Internett: www.aal.kommune.no
Trefftid: Torsdag og fredag kl. 09.00 – 15.00, og elles tilgjengeleg via Servicetorget i kommunen. Servicetorget: 320 85 000

FAMILIEVERNKONTORET RINGERIKE – HALLINGDAL

Familievernkontoret Ringerike – Hallingdal er ei statleg spesialistteneste som har terapeutar med familie- og relasjonsorienterte tema som sitt fagfelt. Tenesta gir tilbod om samtaler og rettleiing til par og familiar i Hallingdal som opplever utfordringar og vanskar.

Vi tilbyr: Par- og familiesamtaler, individualsamtaler, samtaler med barn og unge, foreldrerettleiing, bistand til betre foreldresamarbeid, samlivskurs, foreldrekurs og mekling ved samlivsbrot.

Kven kan kontakte familievernkontoret:

Tilbodet er gratis, og treng ingen henvisning.

Familiar, par, einskildpersonar, barn, unge og eldre som ynskjer å ha samtale kan ta direkte kontakt.

Kontoret er knytt til eigen stiftelse og har driftsavtale med Barne, ungdoms- og familieetaten (Bufetat).

Kontaktinformasjon avd. Hallingdal:
Telefon:  32 12 33 44
Besøksadresse: Torget 5c, Ål sentrum
Postadresse: Torget 5c, 3570 Ål
E-post: familievernkontoret.ringerike.hallingdal@bufetat.no (tek ikkje mot bestilling av time via e-post)
Internett: https://www.bufdir.no/familie/familievernet/ , https://www.kirkensfamilievern.no/
Opningstider: Måndag – fredag kl. 08.30 – 15.00

KONSULTASJONSTEAMET VED STATENS BARNEHUS SANDEFJORD

Konsultasjonsteamet ved statens barnehus i Sandefjord er eit tverrfagleg og tverretatleg team for ansatte som jobbar med barn og unge. Teamet tilbyr konsultasjonar til alle offentlege tenester som arbeider med barn og unge i Vestfold, Telemark og Viken.

Konsultasjonsteamet er eit tilbod til offentlege ansatte som er bekymra for om barn og unge kan vere utsett for vald, seksuelle overgrep, alvorleg omsorgssvikt eller der barn og unge utfører skadeleg seksualisert åtferd. I konsultasjonsteamet får du som søker råd legge fram problemstillinga di anonymt. Teamet vil drøfte problemstillinga og komme med faglege vurderingar og innspel, der formålet er å auke forståinga til den som søker råd, og gi råd om god og riktig handsaming av saka vidare.

Kontaktinformasjon
Besøksadresse: Skiringssalveien 20, 3208 Sandefjord
Telefon: +47 47 48 99 33
E-post: barnehusetsandefjord@politiet.no
Heimeside: www.statensbarnehus.no/barnehus/statens-barnehus-sandefjord/konsultasjonsteam/