Brukarmedverknad
Brukarmedverknad er ein lovfesta rett, der tenestene har plikt til å involvere brukaren.
Brukarmedverknad inneber at brukaren blir ein likeverdig partnar i diskusjonar og avgjersler som handlar om han eller ho. God kommunikasjon er det viktigaste i møtet mellom brukar og hjelpar, der begge er opne og merksame på kvarandre. Nokre viktige moment for å finne gode løysingar er at brukar:
- blir tatt på alvor
- blir behandla med respekt
- føler tillit og tryggleik
- får hjelp når behovet er der
Det å lytte til- og ta barn og ungdom med på råd i saker som vedgår dei, er døme på medverknad på individnivå.
BARNEKONVENSJONEN OG BARNELOVA
I norsk lov, jf Grunnloven §104, FNs Barnekonvensjon (BK) artikkel 12 og i Barnelova, blir det slått fast at barn har rett til å bli høyrt i spørsmål som gjeld dei sjølv, og deira meining skal bli vektlagd ut frå deira alder og utvikling.
Barnelova (https://lovdata.no/lov/1981-04-08-7) presiserer at dei vaksne må ta meir omsyn til meininga hos barnet til eldre dei er:
- Barn som har fylt 7 år har rett til å si meining. Yngre barn skal også få lov å seie si meining.
- Når barn har fylt 12 år, skal meininga deira bli tillagd stor vekt.
- Barn som har fylt 15 år skal få bestemme endå meir, og fram til barnet fyller 18 år skal det få bestemme meir og meir sjølve.
- Når ungdommen er 18 år, er ungdommen myndig og bestemmer over seg sjølve.
Samtykke og medråderett
- Barn under 12 år: Føresette har samtykkekompetanse på vegne av barnet.
- Barn mellom 12 og 16 år: Barnet/ ungdommen si meining skal bli vektlagd. Barnet/ungdommen har samtykkekompetanse når det gjeld helsehjelp for tilhøve som føresette ikkje er informert om, og når tiltaket tilseier det.
- Ungdom mellom 16 og 18 år: Ungdommen har rett til å samtykke sjølve.