Stafettlogg

Kva er ein stafettlogg?

Når barn og unge får hjelp frå fleire tenester er det nyttig å ha eit verktøy som gjev oversikt over kven som bidreg inn i samarbeidet, kven som har ansvar og kva som er måla.

Dette er stafettloggen:

  • Ein elektronisk logg tilgjengeleg for alle som deltek i samarbeidet. Dette inkluderer barn, unge og føresette.
  • Gjev oversikt over mål, kven som gjer kva og evalueringar av tiltak.
  • Blir brukt aktivt i samarbeidsmøter / koordineringsmøter og fungerer som møtereferat.
  • Blir oppretta etter samtykke frå føresette/ungdom

Stafettlogg erstattar ikkje fagsystem eller dokumentasjonskrav som tilsette har.

Målet med stafettloggen er å koordinere og dokumentere det tverrfaglege samarbeidet. Stafettloggen gjev god oversikt, samordnar tenestetilbodet og hindrar brot i hjelpetilbodet.

Stafetthaldar og stafettpinne

Når ein tek i bruk stafettloggen er ein medarbeidar stafetthaldar og held «stafettpinnen». Denne personen kan vere ein som til dømes jobbar i barnehagen, på skulen, helsestasjonen eller i barneverntenesten. Å halde «stafettpinnen» inneber å innkalle til- og leie- tverrfaglege møter, samt loggføre innsatsen i stafettloggen. Om stafettpinnen vert overlaten til ein annan i samarbeidsgruppa, er det koordineringsansvaret som skal overførast.

Når sluttar ein stafettlogg?

Stafettloggen sluttar når samarbeidsgruppa saman med føresette og ungdom ser at måla er nådd, og det ikkje lenger er behov for tiltaka. Føresette og ungdom kan til ein kvar tid avslutte loggen ved å trekke samtykket attende.