Kunnskapsgrunnlag
Kommunehelsa statistikkbank
I Kommunehelsa statistikkbank fins statistikk om helse, sjukdom, risikofaktorar og befolkninga i norske kommunar. Statistikkbanken kan blant anna gi viktig informasjon om kor mange barn og unge i kommunen som lev trangt eller i familiar med lavinntekt. Se kommunehelsa statetikkbank her.
Ungdata
Ungdata er ein barn- og ungdomsundersøking der skuleelevar svarer på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Undersøkinga er tilpassa barn og ungdom på mellomtrinnet (5.-7.-trinn), ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. Svara frå undersøkinga skal brukast av kommunen i planarbeid. Sjå meir om ungdata her.
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga er ei årlig undersøking der elevar får seie si mening om læring og trivsel i skulen. Svara blir brukt av skulen, kommunen og staten for å gjere skulen betre. Sjå meir om elevundersøkinga her.
Oppvekstprofilen
Eit godt oppvekstmiljø er viktig for barn og unge si utvikling. Oppvekstprofilen viser nokon av kommunen sine styrkar og utfordringar, og nyttast i planarbeidet for barn og unge og deira oppvekstmiljø.
Folkehelseprofilen
Folkehelseprofilen tar kvart år føre seg ulike tema innanfor folkehelse. Profilen viser relevant statistikk i høve til tema, og viser kommunen sine styrkar og utfordringar. Folkehelseprofilen er eit viktig verktøy som nyttast i oversiktsarbeidet og i planarbeid i kommunen.