Treng du nokon å snakke med?
I kommunen vår finn du fleire å snakke med om tankar, kjensler, trivsel og ting du er bekymra for. Det vil seie at du alltid kan finne nokon å snakke med om kva som helst, anten det gjeld deg sjølv, ein ven eller nokon i familien.
Om du har god kontakt med ein vaksen, til dømes ein lærar eller trenar, kan du snakke med han/ho, eller den vaksne kan hjelpe deg å finne rett person som du kan snakke med. Alle som jobbar med barn og unge i kommunen har teieplikt, og må ha ditt samtykke for å involvere andre.
Kontaktinformasjon
Helsestasjonen 32 08 52 90
Hallingdal barnevernteneste 320 85 310
Hallingdal barnevernteneste vakttelefon 911 14 600
Alarmtelefonen for barn og unge 116 111
