BTI (betre tverrfagleg innsats) er ein handlingsrettleiar tilpassa møte med barn og unge som vekker ei uro/bekymring hos vaksne. Ved å arbeide etter denne modellen ønsker vi å sikre lik praksis og godt samarbeid, samt unngå at familier som er berørt opplever seg som «kasteballar» mellom dei ulike tenestene i kommunen. BTI har eit handlingsforløp som er illustrert gjennom fire nivå, og startar med nivå 0.
Nivå 0: Undring. Avklare om det er grunn til bekymring
Nivå 1: Interne tiltak. Beskrive innsats innanfor kvar enkelt teneste
Nivå 2: Samarbeid med hjelpetenestene. Beskriv eit enkelt tverrfagleg samarbeid mellom to tenester
Nivå 3: Tiltaksteam. Beskriv meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester
BTI MÅLSETTING: Kvalitetssikre heilhetleg og koordinert innsats utan at det blir brudd i oppfølginga.
BTI MÅLGRUPPE: Gravide, barn, unge og foreldre det er knyttet undring eller bekymring til
Når ein tilsett får ei uro/bekymring knytta til eit barn, skal den tilsette som hovedregel følge handlingsrettleiaren for BTI i Hemsedal kommune. Det er eit mål at den tilsette ser og handlar så tidleg som mulig, alltid med tanke på barnets beste. Det er grunnleggende viktig at barn, unge og foresatte involveres på eit tidlig tidspunkt. Unntaket frå dette er ved mistanke om vold og overgrep, då skal melding til barnevernet sendas umiddelbart.
Når ein tilsett som har kontakt med eit barn/ein familie, ser det som ønskeleg/nødvendig å samarbeide med andre tenester, skal det hentas samtykke fra dei saken gjeld. Føremålet med BTI-modellen er å bidra til tidleg innsats og samordna tenester med medverknad frå barnet/ den unge og foreldra utan at det blir brudd i oppfølginga. Dette gjennomførast gjennom å beskrive den heilhetlege og sammanhengande modellen på system-, teneste- og individnivå, tilpassa den enkelte kommune. Modellen bidrar til å få oversikt over korleis ein skal handle og til å rette opp i svikt i samhandling både mellom lokale tenester og tenester på regionalt og statleg nivå.
BTI-modellen er egna både som eit hjelpemiddel for å ta strategiske beslutningar, og for å systematisere og beskrive det praktiske arbeidet med barn, unge og foreldre som ein bekymrar seg for. Kvart nivå beskriv forløpet i arbeidet med å avklare undring/bekymring og iverksette tiltak i og mellom tenestene. Dei fire nivåa skal omfatte alle oppgåver og aktivitetar som handlar om tidleg og tverrfagleg innsats og oppfølging av målgruppa. Her kan også tiltak som foreldra har ansvar for skildras. Brikkene i figuren over symboliserer nivåa og antall tenester som blir involvert. Dei ulike nivåa blir bunde saman av brikka som strekker seg mellom nivåa. Denne symboliserar koordineringsansvaret som strekk seg mellom nivåa og som skal sikre heilhetleg og koordinert innsats utan at det blir brudd i oppfølginga. For meir informasjon, ta direkte kontakt med helsestasjonen, barnehagen eller skulen.