Er du uroa eller bekymra for eit barn?
Gjennom livet kan ein som føresett, nabo, ven eller fagperson oppleve situasjonar der ein observerer forhold som vekkjer bekymring for eit barn eller ein ungdom. Det kan vere teikn til at barnet strevar eller signal frå føresette, som gjer deg uroleg på om barnet får den omsorga, tryggleiken og støtta det treng for ei trygg og positiv utvikling.
Dersom det er mistanke om vald eller overgrep skal ein kontakte barnevernstenesta eller politiet direkte.
10 spørsmål og svar om å melde til barnevernet
Er du bekymra og lurer på om du skal sende inn bekymringsmelding til barnevernet? Trykk på linken under. Da kommer du til Nasjonal portal for bekymringsmelding, som hjelper deg videre.
Bekymringsmelding til barnevernet
Kva betyr BTI for dykk som er føresette?
I periodar kan barn og unge ha behov for ekstra merksemd, støtte eller tilrettelegging. I Ål kommune vil vi fange opp slike behov så tidleg som mogleg, og vektlegg samarbeid med dykk som er føresette. Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) omhandlar tidleg innsats, god samordning mellom tenester og medverknad frå barn, unge og føresette.
Som føresette kjenner de barna dykkar best. Perspektiv og erfaringar frå dykk er derfor avgjerande for at vi saman skal finne gode løysingar. Ål kommune legg opp til at tilsette skal ha låg terskel for å ta kontakt med dykk dersom det oppstår spørsmål tilknytt ditt barn. Samtidig ynskjer vi at de skal oppleve det som trygt å ta kontakt, og de er alltid velkomne til å be om ekstra møtepunkt og samtaler med tenestene i kommunen.
Kontaktinformasjon:
Hallingdal barnevernteneste 320 85 310
Hallingdal barnevernvakt 457 38 963
Alarmtelefon for barn og unge 116 111
Helsestasjonen 320 85 290
Politiet 02800
Aktuelle lenker:
Snakke med barn.no
Barneombudet.no
Foreldrekvardag.no
Ungsinn.no
Pårørendesenteret.no
Informasjon om barnehage- og skulemiljø (udir.no)
Ein trygg skuledag utan mobbing