Barnehage

Kva:

Når føresett/tilsett undrar seg over eitt barn. Med undring meiner ein observasjonar eller hendingar som er knytt til barnet si utvikling, helse, trivsel eller livssituasjon.

Korleis:

Ved undring må ein prøve å setje ord på uro og ta undringa vidare. Dette inneber ikkje ein konklusjon.

Kven:

Alle tilsette

Kva:

Med konkretisering meiner ein at undringa blir skrive ned.

Korleis:

Bruk undringsskjema. Ved mistanke om at eit barn ikkje har eit godt psykososialt barnehagemiljø, jf. Bhl. § 41-43, skal styrar bli varsla, sjå eiga rutine. Styrar skal også bli varsla ved mistanke om vald og seksuelle overgrep, sjå eiga rutine (i raud pil i modellen).

Kven:

Alle tilsette

Er det vidare grunn til undring?

Ja

Kva:

Med «del undring» meiner ein at kvar einskild deler si konkretisering av undringa.

Korleis:

Del undring snarast med pedagogisk leiar og/eller styrar.

Kven:

Alle tilsette

Er det vidare grunn til undring?

Ja

Kva:

Avgjer om det er grunn til å gå vidare.

Korleis:

Kontakt føresette om undringa. Dersom undringa ikkje blir avslutta, gå vidare til nivå 1. Innhent samtykke ved overgang til nivå 1. Dersom ein avsluttar saka kan ein nytte avslutningsnotat.

Kven:

Pedagogisk leiar/styrar

Er det vidare grunn til undring?

Ja

Kva:

Definer undringa.

Korleis:

Skriv forslag til tiltak i undringsskjema. Drøft undring med primærkontakt i PPT, eigna fora ved den einskilde barnehage eller med primærkontakt i dei andre hjelpetenestene ved behov. Nytt logg ved behov. Hjelperessurs ligg i «Ressursbank» i Samhandlingsmodellen på Individnivå.

Kven:

Pedagogisk leiar

Kva:

Drøft undringa og eventuelle tiltak med føresette.

Korleis:

Vurder eigna kontaktform. Innhent samtykke der det er behov for rettleiing frå andre tenester. Notér dato for kontakt, kontaktform, undring og eventuelle tiltak i undringsskjema. Avtal eventuelt nytt møte. Vurder dialog med barnet om tiltak ut frå alder og modning.

Kven:

Pedagogisk leiar

Er det vidare grunn til undring?

Ja

Kva:

Set i verk tiltak etter avtale med føresette og eventuell dialog med barnet.

Korleis:

Informer føresette om eventuell justering av tiltak på bakgrunn av rettleiing frå andre tenester.

Kven:

Pedagogisk leiar

Kva:

Møte med føresette.

Korleis:

Val av eigna metode og kven som skal delta. Evaluer effekten av iverksette tiltak. Vurder eventuell dialog med barnet ut frå alder og modning.

Kven:

Styrar/pedagogisk leiar

Kva:

Avgjer om me skal avslutte, halde fram på nivå 1 eller gå vidare til nivå 2. Ved overgang til nivå 2 send ev. meldeskjema.

Korleis:

Vurder vidare handsaming i møte med føresette, pedagogisk leiar og styrar. Innhent samtykke ved overgang til nivå 2, og send ev. meldeskjema. Meldeplikt til barnevernet, jf. Barnehageloven § 46, gjeld når ein har grunn til å tru at barnet blir utsett for omsorgssvikt. Dersom ein avsluttar saka kan ein nytte avslutningsnotat.

Kven:

Styrar/pedagogisk leiar

Er det vidare grunn til undring?

Ja

Kva:

Kontakt med aktuell hjelpeteneste.

Korleis:

Vurder eigna kontaktform. Drøfting av bakgrunn for undringa og tiltak som er gjort. Avtal møte for vidare oppfølging. Nytt «Referat frå før-tilmeldingsmøte» som mal og referat i møtet. Skjemaet ligg i malar og rutinar for spesialpedagogikk. Send ev. oppmelding til hjelpeteneste med godkjenning frå føresette.

Kven:

Styrar

Er det vidare grunn til undring?

Ja

Kva:

Drøft undring og tiltak med føresette og aktuell hjelpeteneste.

Korleis:

Gjennomgang av undringsskjema for å sjå på effekt av gjennomførte tiltak for å skape felles forståing. Planlegg vidare tiltak og evalueringsmetode. Lag utkast til tiltaksplan. Avklar ansvar for framdrift= stafetthaldar. Vurder dialog med barnet om tiltak ut frå alder og modning. Kva for tiltaksplan som nyttast, avheng av type sak. Ved spesialpedagogisk opplæring, nytt malar og rutinar for dette.

Kven:

Styrar

Kva:

Gjennomføring av tiltaksplanen.

Korleis:

Tiltak blir gjennomført etter tildelt ansvarsområde.
Kva for tiltaksplan som nyttast, avheng av type sak. Ved spesialpedagogisk opplæring, nytt malar og rutinar for dette.

Kven:

Stafetthaldar

Kva:

Møte med føresette, styrar/pedagogisk leiar og aktuell hjelpeteneste

Korleis:

Evaluer effekt av tiltaka og vurder behov for andre tiltak på nivå 2 eller gå til vidare handsaming. Vurder dialog med barnet ut frå alder og modning. Kva for tiltaksplan som nyttast, avheng av type sak. Ved spesialpedagogisk opplæring, nytt malar og rutinar for dette.

Kven:

Stafetthaldar

Kva:

Fortsette individuelle eller systemretta tiltak på nivå 2. Ved behov for drøfting med fleire hjelpetenester gå til nivå 3. Innhent samtykke ved overgang til nivå 3.

Korleis:

Avgjersla blir tatt av styrar i samarbeid med føresette. Tilmelding til aktuell hjelpeteneste.

Kven:

Styrar

Er det vidare grunn til undring?

Ja

Kva:

Barnehagen sine primærkontaktar i hjelpetenestene (tverrfagleg team) vurderer kven som har den aktuelle spisskompetansen og som skal delta i møte.

Korleis:

Stafetthaldar tek kontakt med hjelpetenestene. Avtal møte for vidare oppfølging.

Kven:

Stafetthaldar

Er det vidare grunn til undring?

Ja

Kva:

Møte med føresette, styrar/pedagogisk leiar og aktuelle hjelpetenester.

Korleis:

Gjennomgang av tiltaksplanen for å sjå på effekt av gjennomførte tiltak. Vurder behov for å justere tiltaka på nivå 2 eller lag nye tiltak på nivå 3. Planlegg vidare arbeid og evalueringsmetode. Avklar ansvar for tiltaka. Kva for tiltaksplan som nyttast, avheng av type sak. Ved spesialpedagogisk opplæring, nytt malar og rutinar for dette.

Kven:

Stafetthaldar

Kva:

Koordinering og gjennomføring av tiltaksplanen.

Korleis:

Tiltak blir gjennomført på kvart ansvarsområde. Ansvarleg for tiltak melder attende til stafetthaldar. Kva for tiltaksplan som nyttast, avheng av type sak. Ved spesialpedagogisk opplæring, nytt malar og rutinar for dette.

Kven:

Stafetthaldar

Kva:

Møte med føresette, styrar/pedagogisk leiar og aktuelle hjelpetenester.

Korleis:

Evaluer effekt av iverksette tiltak og vurder behov for nye tiltak på nivå 3 eller gå til vidare handsaming. Kva for tiltaksplan som nyttast, avheng av type sak. Ved spesialpedagogisk opplæring, nytt malar og rutinar for dette.

Kven:

Stafetthaldar

Kva:

Fortsette individuelle eller systemretta tiltak på nivå 3. Ved behov for hjelp/rettleiing frå fylkeskommunale eller statlege tenester ta kontakt med Koordinerande eining (KE). Innhent samtykke.

Korleis:

Tilmelding til Koordinerande eining (KE).

Kven:

Stafetthaldar

Er det vidare grunn til undring?

Ja