Trygg oppvekst i Ål

I Ål skal det vere trygt og godt å vekse opp. Av og til oppstår det likevel utfordringar. Denne nettsida er for vaksne som er bekymra for eit barn, for barn og unge som sjølv har det vanskeleg, og for tilsette i Ål kommune som jobbar med barn og unge. Kven er du?

Treng du nokon å snakke med?

I kommunen vår finn du fleire å snakke med om tankar, kjensler, trivsel og ting du er bekymra for. Det vil seie at du alltid kan finne nokon å snakke med om kva som helst, anten det gjeld deg sjølv, ein ven eller nokon i familien.

Om du har god kontakt med ein vaksen, til dømes ein lærar eller trenar,  kan du snakke med han/ho, eller den vaksne kan hjelpe deg å finne rett person som du kan snakke med. Alle som jobbar med barn og unge i kommunen har teieplikt, og må ha ditt samtykke for å involvere andre. Du kan også ringe Alarmtelefonen for barn og unge, på telefon 116 111, måndag-fredag frå 08.00-15.00.

Barn og unge har rett til å bli høyrd

Barn og unge har rett til å bli høyrd. Har du høyrd om desse lovene?

Barnekonvensjonen er ei avtale om nesten alle land i verda. Den seier noko om korleis alle barn i verda skal ha det. Noreg har signert barnekonvensjonen og gjort den til norsk lov. Barnekonvensjonen seier at vaksne skal gjere det som er best for barn, og at barn har rett til å seie si meining. Barn og unge skal bli informert, høyrd og tatt på alvor i alle avgjersler som gjeldt dei. Barnekonvensjonen seier også at:

  • alle barn har rett til privatliv
  • alle barn har rett til ikkje å bli diskriminert
  • alle barn har rett til at ingen skader eller misbrukar dei

I Noreg er det forbode å slå barn. Ingen har lov å misbruke deg, eller gjere deg vondt på nokon måte, anten med kroppen din eller følelsane dine. Dette gjeldt både foreldre og andre vaksne, og andre barn og unge.

Barneloven er barn og unge si eiga lov. Den seier at jo eldre barnet er, jo meir må dei vaksne ta hensyn til barnet si meining når dei tek avgjersler for barnet.

  • barn som har fylt 7 år har rett til å seie si meining. Yngre barn skal også få lov å seie meining si.
  • når barn har fylt 12 år, skal meininga deira tilleggast stor vekt.
  • barn som har fylt 15 år skal få bestemme endå meir, og fram til barnet fyller 18 år skal det få bestemme meir og meir sjølve.
  • når du er 18 år, er du myndig og bestemmer over deg sjølv.

Helsepersonelloven sikrar at du vert tatt vare på om ein av foreldra dine vert alvorleg sjuke. Då har helsepersonell eit ansvar for at du vert ivareteke, og at du får vite kva som skjer.

Aktuelle lenker

Alarmtelefonen for barn og unge

Nullmobbing

Ung.no

Barneombudet.no

Ungsinn.no

Brisenter.org

 

Kontaktinformasjon

Helsestasjonen                                              32 08 52 90

Hallingdal barnevernteneste                        320 85 310

Hallingdal barnevernvakt                              457 38 963

Alarmtelefonen for barn og unge                          116 111