Bedre tverrfaglig innsats i Ål

 

I Ål skal det vere trygt og godt å vekse opp. Av og til oppstår det likevel utfordringar. Denne nettsida er for vaksne som er bekymra for eit barn, for barn og unge som sjølv har det vanskeleg, og for tilsette i Ål kommune som jobbar med barn og unge.

Illustrasjon - voksen og barn

Er du uroa eller bekymra for eit barn?

Gjennom livet kan ein som føresett, nabo, ven eller fagperson oppleve situasjonar der ein observerer forhold som vekkjer bekymring for eit barn eller ein ungdom. Det kan vere teikn til at barnet strevar eller signal frå føresette, som gjer deg uroleg på om barnet får den omsorga, tryggleiken og støtta det treng for ei trygg og positiv utvikling.

Dersom det er mistanke om vald eller overgrep skal ein kontakte barnevernstenesta (320 85 310) eller politiet (02800) direkte.

10 spørsmål og svar om å melde til barnevernet

Er du bekymra og lurer på om du skal sende inn bekymringsmelding til barnevernet? Trykk her. Da kommer du til Nasjonal portal for bekymringsmelding, som hjelper deg videre.

Kva betyr BTI for dykk som er føresette?

I periodar kan barn og unge ha behov for ekstra merksemd, støtte eller tilrettelegging. I Ål kommune vil vi fange opp slike behov så tidleg som mogleg, og vektlegg samarbeid med dykk som er føresette. Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) omhandlar tidleg innsats, god samordning mellom tenester og medverknad frå barn, unge og føresette.

Som føresette kjenner de barna dykkar best. Perspektiv og erfaringar frå dykk er derfor avgjerande for at vi saman skal finne gode løysingar. Ål kommune legg opp til at tilsette skal ha låg terskel for å ta kontakt med dykk dersom det oppstår spørsmål tilknytt ditt barn. Samtidig ynskjer vi at de skal oppleve det som trygt å ta kontakt, og de er alltid velkomne til å be om ekstra møtepunkt og samtaler med tenestene i kommunen.

Kontaktinformasjon:
Hallingdal barnevernteneste: 320 85 310
Hallingdal barnevernvakt: 457 38 963
Alarmtelefon for barn og unge: 116 111
Helsestasjonen: 320 85 290
Politiet: 02800

Treng du nokon å snakke med?

I kommunen vår finn du fleire å snakke med om tankar, kjensler, trivsel og ting du er bekymra for. Det vil seie at du alltid kan finne nokon å snakke med om kva som helst, anten det gjeld deg sjølv, ein ven eller nokon i familien.

Om du har god kontakt med ein vaksen, til dømes ein lærar eller trenar, kan du snakke med han/ho, eller den vaksne kan hjelpe deg å finne rett person som du kan snakke med. Alle som jobbar med barn og unge i kommunen har teieplikt, og må ha ditt samtykke for å involvere andre. Du kan også ringe Alarmtelefonen for barn og unge, på telefon 116 111, måndag-fredag frå 08.00-15.00.

Barn og unge har rett til å bli høyrd

Barn og unge har rett til å bli høyrd. Har du høyrd om desse lovene?

Barnekonvensjonen er ei avtale om nesten alle land i verda. Den seier noko om korleis alle barn i verda skal ha det. Noreg har signert barnekonvensjonen og gjort den til norsk lov. Barnekonvensjonen seier at vaksne skal gjere det som er best for barn, og at barn har rett til å seie si meining. Barn og unge skal bli informert, høyrd og tatt på alvor i alle avgjersler som gjeldt dei. Barnekonvensjonen seier også at:

  • alle barn har rett til privatliv
  • alle barn har rett til ikkje å bli diskriminert
  • alle barn har rett til at ingen skader eller misbrukar dei

I Noreg er det forbode å slå barn. Ingen har lov å misbruke deg, eller gjere deg vondt på nokon måte, anten med kroppen din eller følelsane dine. Dette gjeldt både foreldre og andre vaksne, og andre barn og unge.

Barneloven er barn og unge si eiga lov. Den seier at jo eldre barnet er, jo meir må dei vaksne ta hensyn til barnet si meining når dei tek avgjersler for barnet.

  • barn som har fylt 7 år har rett til å seie si meining. Yngre barn skal også få lov å seie meining si.
  • når barn har fylt 12 år, skal meininga deira tilleggast stor vekt.
  • barn som har fylt 15 år skal få bestemme endå meir, og fram til barnet fyller 18 år skal det få bestemme meir og meir sjølve.
  • når du er 18 år, er du myndig og bestemmer over deg sjølv.

Helsepersonelloven sikrar at du vert tatt vare på om ein av foreldra dine vert alvorleg sjuke. Då har helsepersonell eit ansvar for at du vert ivareteke, og at du får vite kva som skjer.

 

Kontaktinformasjon:

Helsestasjonen

32 08 52 90

Hallingdal barnevernteneste

Nettside|320 85 310

Hallingdal barnevernvakt

Nettside|457 38 963

Alarmtelefonen for barn og unge

Nettside|116 111

Alarmtelefonen - 116 111